Politiet ber om tips etter at Sel kyrkje var forsøkt påtent

Eit vindauge vart knust i Sel kyrkje i natt og politiet har gjort funn som tyder på at kyrkja vart forsøkt påtent.

Forsøkt påtent: Sel kyrkje vart natt til torsdag forsøkt påtent.   Foto: Sel kyrkjeleg råd

Nyheiter

Politiet fekk klokka 02.02 i natt melding om at skadeverk på Sel kyrkje.


Skadeverk på Sel kyrkje i natt

Politiet i Innlandet fekk natt til torsdag melding om skadeverk ved Sel kyrkje.


Eit vindauge var knust og politiet har gjort funn som tyder på at kyrkja vart forsøkt påtent.

Det melder Politiet i ei pressemelding torsdag.

Politet er på staden og er i gang med etterforsking i saka.

Politiet ynskjer tips om nokon har gjort observasjonar i området i løpet av natta og ber publikum ta kontakt på telefon 02800.

Politiet ser alvorleg på hendinga som nå blir etterforska breitt.

Området er avsperra og det blir gjennomført tekniske undersøkingar.

Kripos er varsla. Det er førebels ingen som er mistenkt.

Politiet ynskjer ikkje å kommentere detaljar i saka med tanke på den vidare etterforskninga.

Det blir sett på om det er likskap mellom brannen Dombås kyrkje i februar og skadeverket som nå er utført på Sel kyrkje.

Sel kyrkje ligg på Selsverket, fem kilometer nord for Otta sentrum.