Skjåkjenta Kaja (20) er på språkreise i Sør-Korea: – Eg kjenner meg trygg her

– Eg vart smånervøs for koronaviruset da eg kom hit, men så roa eg meg ned att da eg fann ut korleis ting fungerte her.

På språkreise: Kaja Brustugun frå Skjåk er i Sør-Korea på språkreise. Ho kjenner seg trygg i landet - sjølv om mange tusen personar har fått påvist koronaviruset.   Foto: Privat

Dei tek korona- viruset svært seriøst her

Kaja Brustugun
Nyheiter

Det seier Kaja Brustugun frå Skjåk, som er på språkreise i hovudstaden Seoul i Sør-Korea, gjennom organisasjonen EF. 20-åringen kom til Sør-Korea 8. mars, og skal etter planen vera i landet fram til 3. mai.