Interfil donerte 150 masker til Skjåk kommune

– Dette var eit lite bidrag frå oss, i ein viktig og felles dugnad i desse dagar.

Dugnad: Dagleg leiar på Interfil AS, Arild de Presno, fortel at det er viktig å hjelpe til.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Det seier dagleg leiar i Interfil AS, Arild de Presno.

Nyleg donerte ventilasjonsfilterfabrikken i Skjåk ansiktsmasker til helsetenesta i Skjåk kommune.

– Det støvet vi har i fabrikken vår er ikkje farleg, men det er ubehageleg. Da vart vi på Interfil samde om at det er viktigare at kommunen får desse maskene i den situasjonen vi nå er inne i, enn at vi har dei sjølve, seier de Presno.

I alt er det prat om 150 masker som vart donert til Skjåk kommune frå ventilasjonsfilterfabrikken.

– Eit lite bidrag frå oss, seier Arild de Presno.

Han fortel vidare at Interfil fann ut at dei også sat inne med ein del desinfeksjonsmiddel, eller antibac, og tok difor kontakt med dei to daglegvarebutikkane i Bismo, for å spørje om dei var interesserte i dispensar og handsprit.

– Bunnpris hadde att sjølve, men Coop Extra tok imot med glede. Det er viktig å hjelpe kvarande og delta i den felles dugnaden vi nå er inne i, seier den daglege leiaren på Interfil.


Interfil fyller 30 år: – Har hatt ei revolusjonerande utvikling

For 30 år sidan hadde Interfil ein 800 kvadratmeter stor produksjonshall. I dag disponerer filterfabrikken i Skjåk 10.000 kvadratmeter.