Framleis ingen smitta i Lom - 40-50 i karantene

Dette er oppdatert status frå Lom kommune onsdag kveld..
Nyheiter

Legesenteret

Med hjelp av mange positive friviljuge, er legesenteret godt organisert for både nåtid og framtid med tanke på Covid-19.

Det er eige venterom for dei som skal testast for viruset, og det er eigne legar/sjukepleiarar som er sett til arbeidet. Dette betyr at dei som handterer pasientar med mistanke om smitte IKKJE er i kontakt med andre pasientar. Slik har det vore frå fyrste dag.

Dei som skal til vanleg legetime nyttar det vanlege venterommet. ALLE som treng det, får time sjå lege - ikkje ver redd for å ta kontakt ved behov. Ein må berre, desse fyrste dagane, vente seg noko lenger ventetid i resepsjon og lab, sidan dei driv med opplæring av friviljuge. Dr. Christen Halle og turnuslege er parat for deg som treng det. Inntil vidare er og Merete Byre-Haakensen tilgjengeleg for sine pasientar, men som vi alle veit - situasjonen kan brått endre seg.

Hugs at det og er mogleg å få konsultasjon via telefon, dersom du ikkje ynskjer å dra innom legekontoret.

Jordmor

Jordmor Ellen Olasveen er tilgjengeleg på telefon for dei som har spørsmål om svangerskap: 900 24 427, 08:00-20:00. Sjå og informasjon til gravide og fødande.

Smitte/karantene

Ingen påvist smitte i Lom enda.

40-50 i karantene