13 friviljuge har registrert seg

Heile 13 personar har registert seg etter at Vågå kommune ynskte kontakt med helsepersonell som arbeider med andre oppgåver i dag.

Treng varme hender: Vågå kommune set stor pris på at helsepersonell har registrert seg for ein innsats i samband med koronakrisen.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Vågå kommune gjekk tysdag ut og ynskte at dei med helsefagleg utdanning eller erfaring om å registrere seg.


Ynskjer oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Vågå kommune ynskjer at dei med helsefagleg utdanning eller erfaring, om å registrere seg.


Eitt døgn seinare har 13 personar registrert seg.

– Kommuneleiinga set utruleg stor pris på at helsepersonell tek kontakt og vi treng enda fleire «varme hender», skriv kommunen i ei pressemelding.

Omsorgstilbod ved stengt skule/sfo og barnehage gjeld for dei som arbeider i helse- og omsorgstenesta, transportsektoren eller andre kritiske samfunnsfunksjoner, og barn med særlige omsorgsbehov.

Alderspensjonistar kan jobbe med koronakrisen utan å tape pensjon.

Regjeringa lempar på reglane slik at pensjonerte sjukepleiarar og andre i nødvendige yrkesgrupper kan arbeide utan å få pensjonen redusert.

Regelen gjeld frå fredag 13. mars og fram til 1. november, og altså for arbeid knytt til koronaviruset.