Ynskjer oversikt over tilgjengeleg helsepersonell

Vågå kommune ynskjer at dei med helsefagleg utdanning eller erfaring, om å registrere seg.

Helsefag: Vågå kommune ynskjer å registrere personar med helsefagleg utdanning eller erfaring. Vågåheimen er ein av plassane som er aktuell.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Har du helsefagleg utdanning eller erfaring, men arbeider med andre oppgåver i dag? Da vil kommunen takke deg dersom du ynskjer å registrere deg. I første omgang ynskjer vi berre ei oversikt over tilgjengelig helsepersonell, men dersom vi kjem i ein situasjon med mangel på personell, tek vi direkte kontakt med deg.

Dette skriv Vågå kommune på si heimeside.

For å halde oversikt over alle som ønskjer å bidra, ber kommunen alle om å registrere seg via skjemaet.

Forebels er det berre mogleg for frivillige som er utdanna innanfor helse, med minimum fagbrev, å melde seg til helserelaterte oppgåver i Vågå kommune, men behova for frivillig arbeid kan endre seg, skriv dei.

Kommunen vil ta kontakt med dei som er aktuelle. Jobb i kommunale helseinstitusjonar inneber lønn, samt å vere dekka av kommunen sine forsikringar. Alle må kunne vise politiattest.

Dei som har spørsmål kan ta kontakt med Synnøve Vistekleiven.