Sognefjellshytta og Krossbu Turisthytte blir stengt i påska

– Vi ynskjer å ta vår del av ansvaret og har bestemt at dette er det einaste rette å gjera med omsyn til gjestar og tilsette.

Sognefjellet: Sognefjellshytta og Krossbu Turisthytte har bestemt seg for å stengje i påska. – Det er det einaste rette, skriv dei i ei felles pressemelding.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det skriv Sognefjellshytta og Krossbu Turisthytte i ei felles pressemelding.

Av tryggleiksomsyn, for dei som likevel er i området, vil sjølvbetjeningshytta på Krossbu stå open for dei som skulle trenge det.

– Det er ikkje behov for DNT-nøkkel. Døra står open. Det vil ikkje vera bemanning, men vi kjem til å koma innom, heiter det i pressemeldinga.

– Vi ber om forståing for den krevjande og vanskelege situasjonen vi er i, men vi tek korona-situasjonen på alvor. Vi er små organisasjonar som skal snu oss raskt rundt og opne innan stutt tid dersom verda skulle snu seg. Vi ser fram til sjå gjestane våre på Sognefjellet og ynskjer alle hjarteleg velkomne når situasjonen tillet det.