– Uansett kven vi møter nå, så spør dei om det er noko dei kan gjera for oss

Det sa kommuneoverlege Sondre Bøye da han heldt ei orientering for formannskapet i Skjåk tysdag morgon.

Kontroll: Det er ingen panikk i Skjåk. Det er framleis berre ein person som er registrert koronasmitta, og Skjåk kommune melder at dei har situasjonen under kontroll.   Foto: Illustrasjonsbilde/Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– At folk er så positive og samarbeidsviljuge, gjer alt mykje enklare for oss på legekontoret. Eg har ikkje sett spor av panikk på noko vis. Inntrykket mitt er at innbyggjarane har tillit at dei prioriteringane som nå blir gjort, er til alle sitt beste, sa kommuneoverlege Sondre Bøye.

Legekontoret i Skjåk er operativt på alle felt. Det blir køyrt full drift, og alle får hjelp.

– Slik eg ser det nå, vil eg seia at situasjonen er under kontroll. Eg ser heller ingen grunn til at vi skal misse kontrollen, sa han.

Det er framleis berre èin registrert koronasmitta i Skjåk. Vedkomande vart raskt isolert, og vil truleg koma ut av karantene om ikkje så lenge.

– Vi har få sterkt mistenkte tilfelle, men ventar på nokre få prøvesvar. Samstundes er det umogleg å vite kor mange moglege smitta det er ute i samfunnet, det har vi ingen kapasitet til å finne ut av korkje i Skjåk, i Noreg eller i resten av verda. Men per nå antek eg at Skjåk er relativt godt stilt i og med at vi har hatt så lite kontakt med kjende smittetilfelle. Eg har god tru på dei nasjonale smitteverntiltaka, men det vil ta tid før ein får praktiske resultat av tiltaka som er sett inn, sa kommuneoverlege Bøye.

I tillegg til at barnehagar, skular, treningssenter, bibliotek og det meste anna er stengt både i Skjåk og i andre kommunar, blir det frå Skjåk kommune si side lagt stor vekt på å lage så mange smittevernbarrierer som råd.

– Koronasmitta er fri, ingen kan frikjennast og ingen kan utelukkast, og vi har heller ikkje testkapasitet i Noreg til å finne ut alt dette. Hovudtiltaket vil da gå på å lage så mange smittevernbarrierer som råd. Til dømes er det ingen kontakt mellom Skjåkheimen og heimesjukepleia, personellet får ikkje arbeide båe plassar. Vi arbeider for å få til flest mogleg smittevernbarrierer, på tvers av alle sektorar, fortalde Bøye.

Kommunedirektør Ivar Bø slo fast at Skjåk kommune, Noreg og heile verda er inne i ein ekstraordinær situasjon.

– Vi blir verkeleg sett på prøve denne perioden, sa han og orienterte formannskapet om ulike grep og tiltak som er iverksett.

– Det er ingen tvil om at vi får ein betydeleg auke i kostnadene framover. Som eit døme kan eg fortelja at vi har kjøpt inn antibac for nærare 50.000 kroner – og vi vil nok få andre, store kostnader etter kvart som tida går og vi får fleire smitta og sjuke. Vi har, for å synleggjera ekstrakostnadene, oppretta eit eige prosjektområde for desse utgiftene slik at vi får god oversikt, sa han.

Mange kommunar vurderer om dei må gå til det steget å permittere tilsette.

– Førebels er det ikkje aktuelt i Skjåk, sa kommunedirektøren.

Hilde Reitan, kommunalsjef for helse og omsorg, hadde mykje godt å seia om den fantastiske dugnadsånda blant alle som arbeider i helse- og omsorgssektoren i Skjåk kommune – og i dei andre tenesteområda.

– Dei tilsette stiller opp der det er behov. Dei er så løysingsorienterte og dyktige, og i Skjåk er vi svært heldige som har ein kommuneoverlege som heile vegen har vore trygg i sine råd og anbefalingar. Det har skapt tryggleik i heile sektoren, sa ho.

– Eg er stolt over alle som arbeider i Skjåk kommune nå. Dei tilsette er utsett for eit svært stort press, slo ho fast.

Dagens formannskapsmøte vart halde via skype.