Sjodalen: Brøytinga blir hindra av parkerte bilar

Brøytemannskap får ikkje gjort jobben sin langs fylkesveg 51.

Ikkje parker langs vegen i Sjodalen, det hindrar brøyting, er den klare oppmodinga frå fylkeskommunen.  Foto: norgeskart.no

Nyheiter

– Det er mange som vil til fjells og gå på ski i vinterferien, også som dagsturistar, og ein del av desse køyrer fylkesveg 51 innover Sjodalen og parkerer der. Nå har brøytebilane problem med å få brøyta ordentleg, fordi så mange parkerer langs vegen., opplyser kommunikasjonsrådgjevar i Innlandet fylkeskommune, Kari Hermanrud.

Innlandet fylkeskommune ber trafikantane om å ikkje parkere i vegbana.

– Det er vind og snøfokk i fjellet nå, og brøytemannskapa får ikkje halde vegen tilstrekkeleg farbar, når brøytinga blir hindra av parkerte bilar, seier Hermanrud.