Oskar er «Vekas jubilant» i Fjuken

Jubilanten fyller 6 år.

«Vekas jubilant»: Oskar B. Johansen blir 6 år, og er «Vekas jubilant» i Fjuken.  Foto: Privat

Nyheiter

Kvar veke trekkjer Fjuken ut ein ung jubilant som får ei overrasking i posten frå lokalavisa.

Jubilanten blir trekt ut blant helsingane som har stått på trykk i papiravisa torsdag.

Denne vekas jubilant er Oskar B. Johansen i Skjåk som fyller 6 år den 17. februar.

Oskar vart gratulert i papiravisa av Hannah, Halvor, mamma, pappa og bestefar Nordberg, og kan vente seg ei overrasking frå Fjuken i posten ein av dei fyrste dagane.