Knut lagar alle type skilt med eigenbygd maskin

– Eg har ikkje peiling på kor mykje eg har investert i denne hobbyen, og vil helst ikkje veta det.

SKiltmakaren: Knut Hogne Bøje i Skjåk lagar skilt på hobbybasis. Hav vil ikkje veta kor mange kroner han har brukt på denne hobbyen.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det seier Knut Hogne Bøje i Skjåk. Han bur i Nordberg solside, der han driv som skiltmakar på hobbybasis. Oppe i den gamle låven på gardsplassen har han stelt seg til eigen snikkarverkstad. På kontorpulten står ein stor dataskjerm, og midt på golvet står ei stor mekanisk maskin som er éin meter brei og halvannan meter lang.