Grotli Skiheiser opna laurdag: Mykje folk, knallfint vêr og silkeføre

Laurdag hadde Grotli Skiheiser i Skjåk sesongopning, og den fyrste dagen kunne knapt vore betre.

Sesongens fyrste dag: Grotli Skiheiser i Skjåk hadde sesongopning laurdag, og dagen kunne knapt ha vore betre.  Foto: Nina Kvalheim Kveum

Nyheiter

Skitrekket ved Grotli Høyfjellshotell held ope kvar dag i to veker i samband med vinterferien. Også i påska blir det ope dagleg. Utanom feriane vil skitrekket i Skjåk halde ope kvar helg utover sesongen.

Anlegget i Grotli består av ein barneskiheis på vel 200 meter, og hovudtrekk på 1.350 meter. I tillegg til nedfartar har Grotli ein populær terrengpark med hopp og anna.

Mykje folk, knallfint vêr og silkeføre prega sesongopninga i skitrekket ved høgfjellshotellet laurdag. Dagen kunne knapt vore betre, i fylgje rapportar Fjuken har fått.

Grotli har to meter med snø, og i fylgje Stein Are Bergheim i Grotli Skiheiser er dette den mest snørike vinteren på ti år. Bergheim har difor stor tru på at det blir skiføre langt utover våren denne sesongen.

For dei som likar bortoverski best, er Grotli også eit flott utgangspunkt, med til saman om lag 20 kilometer med oppkøyrde løyper.