Revybillettane er sleppt: Lomsrussen «sløkkjer ljoset»

Tema for årets russerevy i Lom er samanslåing, nedleggingar og fråflytting.

Lomsrussen 2020: Tysdag 31. mars har Lomsrussen premiere på russerevyen som har fått namnet «Lomsrussen sløkkje ljoset». Russekullet er godt i gang med skriving og øving til revyen, og håpar på fulle hus i Utgard. Billettane til dei fire framsyningane er nå lagt ut for sal.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

– Saman med politikarane skal Lomsrussen prøve å snu denne negative trenden. Det kjem nokre konsulentar til bygda som skal hjelpe til med ymse tiltak. Det er vel ikkje alle desse tiltaka som er særleg vellykka, seier Endre Skjåk.