Køyrde utan gyldig førarkort - bilen vart avskilta

Utrykkingspolitiet stoppa onsdag kveld ein bil der føraren ikkje hadde gyldig førarkort.

Utan gyldig førarkort: UP stoppa ein bil i Vågåmo onsdag kveld.  Foto: Illustrasjon/Arkiv

Nyheiter

Det var ved 23-tida onsdag kveld at politiet stoppa ein bil i Vågåmo. Føraren av bilen hadde ikkje gyldig førarkort. I tillegg var bilen i dårleg teknisk stand, og vart avskilta på staden. Sak blir oppretta.

Dette melder politiet i Innlandet på Twitter.