Får 250.000 til aktivitetar for elevar i Galleri Ullinsvin

Det nyetablerte Galleri Ullinsvin i Vågå ynskjer å skape relevante kunstaktivitetar for skuleelevar i Vågå og Lalm, med ulike formidlingsopplegg. Nå blir prosjektet realisert med pengestøtte frå Sparebankstiftelsen DNB.

Kunst: Gjennom relevante aktivitetar skal elevane på skulane i Vågå få både teoretisk og praktisk innsikt i kunst i Galleri Ullinsvin.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Gjennom relevante aktivitetar skal elevane på skulane i Vågå få både teoretisk og praktisk innsikt i kunst i Galleri Ullinsvin. I tillegg skal kunstnaren Kjell Erik Killi Olsen og arkitektonisk glasdesignar Sigrid Blekastad leie fire kunstverkstader med fokus på ulike tema og teknikkar.

Ullinsvin Drift har nå fått 250.000 kroner i kunststøtte av Sparebankstiftelsen DNB til regelmessige kunstnarmøte, workshop og galleribesøk i samarbeid med kunstnarane Sigrid Blekastad, Kjell Erik Killi Olsen, Barbro Bekken og Axel Gran.

I alt 15 kunstprosjekt for barn og unge på Austlandet har fått til saman 3,7 millionar kroner av Sparebankstiftelsen DNB til oppstart av sine prosjekt. Stiftinga mottok 25 søknader.

Prosjekta som får støtte er eit samarbeid mellom skular, kunstinstitusjonar og kunstnarar. Dette har vore kriteriet for å få pengar gjennom støtteordninga som blir kalla «Kunst på programmet».

Målet med tildelingane er å bidra til å gjera kunst meir relevant og interessant for barn og unge i sitt lokalmiljø.

Tildelinga gjeld for skuleåret 2020/2021, med moglegheit for å søke om støtte til vidareføring av prosjektet for inntil tre år framover.