To vogntog sperrar riksveg 15

«Fleire tyngre køyrety står fast», melder politiet.

Vogntog står fast: To vogntog sperrar vegen vest for Grasdaltunnelen på riksveg 15 mellom Skjåk og Stryn.  Foto: Statens vegvesen/Webkamera/Arkiv

Nyheiter

Det er Vest politidistrikt som tysdag ettermiddag melder om at fleire tyngre køyrety står fast på riksveg 15 i Grasdalen.

I fylgje avisa Sunnmørsposten er det snakk om to vogntog som står fast på vestsida av Grasdaltunnelen på fjellovergangen mellom Skjåk og Stryn.

– To vogntog har sklidd inn i kvarandre og sperrer heile vegen, opplyser Jan Erikstad i Vegtrafikksentralen i Lærdal til avisa.

Erikstad legg til at personbilar likevel kan passere. Dette fordi det tilfeldigvis er ein rasteplass på staden som fungerer som forbikøyringslomme.

Vegen blir strødd, men det er usikkert når bergingsbil når fram og får fjerna vogntoga.

– Dersom bilberginga tek tid, vil tyngre køyrety kunne danne kø. Da vil heller ikkje personbilar kunne passere, seier Erikstad til Sunnmørsposten.