Ope møte om Nye Gudbrandsdal slakteri

Denne veka blir det informasjonsmøte i Lom om eit eventuelt nytt slakteri på Otta.

  Foto: Illustrasjon/arkiv

Nyheiter

– Det er stor interesse for kva som skjer rundt planane om eit eventuelt nytt slakteri på Otta. Derfor inviterer faglaga i Lom og Skjåk til eit ope møte om dette på Fossberg i Lom, den 12. februar, fortel Eivind Øvrelid i bonde- og småbrukarlaget.

Terje Jonny Sveen og Tommy Rudihagen frå arbeidsgruppa for nytt slakteri kjem for å orientere.