Offisiell opning av skredvollen

Fyrstkomande torsdag morgon inviterer NVE til offisiell opning av skredvollen i Ulstad.

Ferdig: Dersom du er interessert i å studere skredvollen i Ulstad – og høyre meir om korleis arbeidet er gjort – er det berre å møte opp på den offisielle opninga torsdag morgon.  Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Skredvollen for sikring av bustadfeltet i Ulstad er nå ferdigstilt.

NVE og Lom kommune er ikkje heilt samde om korleis totalrekninga skal fordelast ennå, men offisiell opningseremoni blir det uansett.

Opninga skal gå føre seg ved den vestre enden av skredvollen.

– Markeringa startar med nokre ord og snorklipping, av vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i NVE og ordførar Bjarne Eiolf Holø i Lom kommune. Det blir lagt opp ei stutt synfaring av tiltaket til fots, heiter det i invitasjonen frå NVE.