Inger (53) er attende som hotellsjef 30 år etter sommarjobben

Etter 40 år som vertskap ved Grotli Høyfjellshotell overlet ekteparet Are og Berit Bergheim ansvaret til andre, og for første gong sidan oppstarten i 1905 er det nokon utanfor familen som skal drive hotellet.

– Heilt utruleg: Berit Bergheim (t.v.) og mannen Are er svært tilfreds med å få Inger Einvik tilbake på laget, nær 30 år etter at ho hadde sommarjobb ved Grotli Høyfjellshotell. No skal ho fylle rolla som dagleg leiar.  Foto: Roy A. Brenvik Myklebust/Fjordingen

Nyheiter

Det var Andreas Grotli som etablerte hotellet i 1905. Då hadde han allereie vore på fjellet i mange år som vert på Statens fjellstue, nokre kilometer lenger aust. Til liks med fjellstua var hovudoppgåva ved hotellet i starten å syte for mat og husly til folk og fe på veg over Strynefjellet. I tillegg var Grotli eit viktig trafikknutepunkt og hadde både post, telegraf og bensinstasjon. Sidan då har fire generasjonar teke hotellet vidare, og i dag er post og telegraf vekke og bensinpumpene er bytt ut med ladestasjon for el-bilar. Hotellfunksjonen er i dag den viktigaste, saman med drift av skiheisen som ligg like ved.