Simen og Kulturminnefondet delte ut åtte millionar til prosjekt i Oppland

Kulturminnefondet delte ut nærare åtte millionar kroner til kulturminne i Oppland i 2019. Grevrusten i Nordherad var eitt av 45 prosjekt som fekk støtte til restaurering av hus.

Glad for støtte: Grevrusten i Nordherad vart fråflytta i 1970. Historia om gardsbruket kunne stoppa der, om det ikkje hadde vore for ein sta og uredd ungdom som ville ta vare på staden etter forfedrane sine. Nå 42 år seinare står våningshuset for tur. Knut Arild Teigum skal skifte ut stokkar i sør- og nordveggen. Kulturminnefondet støttar prosjektet med 300.000 kroner. Direktør Simen Bjørgen kom i januar i fjor på besøk for å overrekkje tildelingsbrevet.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Kulturminnefondet delte i 2019 ut over 108 millionar kroner til kulturminne over heile landet for å bevare fortida inn i framtida. 571 prosjekt fekk støtte.