Lom idrettslag med stor pantedugnad

Nå kan du støtte Lom idrettslag ved å gje tomflasker. Foreldregruppa til klassestega 1.-7. klasse skal hente panteflasker rundt i heile bygda, og som takk for hjelpa vil 7. klasse kvart skuleår få tusen kroner til klassekassa si.

Pantedugnad: Pantedugnadsgruppa ved panteautomaten og pantepostkassa på Kiwi. Sissel Høiberg, Britt Ingunn Sveen, Kjersti Eilen Stenersen, Ingvild Bolstad Grøna, Magnhild Bjørgen og Runa Husom. Arnt Rune Vole og Helene Starheimsvik var ikkje til stades da bildet vart teke. Det er sett opp tilsvarande postkasse ved panteautomaten på Coop Extra.   Foto: privat

Nyheiter

– Idrettslaget må heile tida tenkje nytt for å skaffe inntekter til dei ulike tilboda laget kan tilby.

Det skriv Pantedugnadsgjengen i idrettslaget i eit skriv som skal ut til alle heimane på Loar skule og ungdomsskulen i Lom.

Dei skriv at pantedugnad er tenkt som ei inntektskjelde for idrettslaget, slik at ungane/føresette kan sleppe å selje ulike artiklar for å skaffe pengar.

Pantedugnad betyr at ein kan gje tomflasker ein har heime hjå seg. Dette kan ein gjere ved å setje posen eller sekken med tomflasker der ein vanlegvis set søppelsekken sin.

Den utvalde dugnadsgjengen vil koma innom og hente panten på ein viss dato til eit bestemt tidspunkt, noko ein vil få beskjed om i god tid. Dette vil i tillegg bli opplyst i Fjuken og delt på Facebook rett før hentedagen.

I 2020 det bli fire hentedatoar. Den fyrste blir tysdag 3. mars, deretter blir det ein hentedato i mai, september og november.

I fyrste omgang er det foreldregruppene til klassestega i 1.-7. klasse som skal hjelpe til med innhenting av pant rundt om i heile Lom.

Pantedugnaden vil bli inndelt i ti soner. Foreldregruppa til 6. og 7. er dei fyrste som skal ut på innsamling.

Som takk for hjelpa kjem 7. klasse kvart skuleår til å få 1000 kroner til klassekassa si.

– Det er ikkje sikkert alle er medlemmar av idrettslaget, men vi vonar alle kan bidra i denne dugnaden med tanke på at det kjem klassekassa til gode, skriv pantedugnadsgjengen.

Ved panteautomaten på Kiwi og Coop Extra er det hengt opp kvite postkasser med lås. Der er det mogleg å gjev pantelappen sin direkte til idrettslaget.