Faste former kring 17. mai-arrangementet i Skjåk

Det har i fleire år vore utfordrande å organisere nasjonaldagen i Skjåk. Nå skal det organiserast betre.

17. mai: Nå skal organiseringa av 17. mai-feiringa i Skjåk inn i faste former med klar oppgåvefordeling mellom dei som arrangerer.  Foto: Hans Erik Kjosbakken/Fjuken/arkiv

Nyheiter

Tidlegare har det vorte innkalla ei gruppe frå skule, barnehage og ulike friviljuge organisasjonar. Mange av dei innkalla har ikkje møtt opp, og ein har måtte sjekka referat frå år til år for å sjå korleis nasjonaldagen har vorte organisert.