Open dag på barne- og ungdomsskulen fredag

Skulen i Skjåk har løyst opp timeplanen og hatt «Meistring» som tema dei to siste vekene. I dag, fredag, vil Skjåk barne- og ungdomsskule syne fram resultatet.

Inviterer til «open skule»: Skjåk barne- og ungdomsskule har løyst opp timeplanen og hatt «Meistring» som tema dei to siste vekene. Tek du turen innom skulen I dag, fredag, vil du kunne sjå resultatet.   Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

I veke 5 og 6 har heile Skjåk barne- og ungdomsskule arbeidd med eit tverrfagleg tema dei har kalla «Meistring», der eitt av hovudmåla har vore at alle elevar skal oppleve meistring på eitt eler fleire felt.

Gjennom dei to vekene har skulen løyst opp timeplanen, og elevane har hatt heilt leksefri.

På skulen har det vore lagt opp til ulike kurs. Dette har vore alt frå teoretiske kurs med øving på spesifikke ting, til praktiske kurs som mjukbrødbaking, friluftsliv, teater og sløyd.

I dag, fredag føremiddag, ynskjer Skjåk barne- og ungdomsskule å syne fram resultatet etter dei to «meistrings-vekene», og inviterer til open dag i to timar.

Her vil det bli utstillingar, framsyningar, og aktivitetar. Mellomsteget vil vera på klasseromma med ulike kurs, og småskulesteget med ymse aktivitetar. Det blir også dans og dramatisering.

I vestibylen blir det dessutan kafeteria med sal av kaffi og kaker, der overskotet går til SOS-barnebyer.