– Kriminaliteten i Innlandet er stabil

Politimeister i Innlandet politidistrikt Johan Brekke konkluderer etter å ha oppsummert 2019.

Illustrasjon  Foto: Skjermdump

Nyheiter

I 2019 mottok Innlandet politidistrikt 19.399 meldingar, ein nedgang på 3,2 prosent samalikna med 2018. Den største delen av meldingar er innan trafikklovbrot og vinningskriminalitet.

Trafikklovbrot utgjer 26 prosent av den melde kriminaliteten, medan vinningskriminalitet utgjer 22 prosent. Desse kategoriane var størst også i 2016, 2017 og 2018.

– Kriminaliteten i Innlandet tykkjest å vera stabil, og vi ser normale variasjonar fra år til år, seier politimeister Johan Brekke.

Den største auken av talet på meldingar finn ein innan narkotikakriminalitet, som har ein auke på 4,6 prosent. Mange narkotikasaker blir avdekt i samband med politiets innsats mot annan kriminalitet, blant anna i samband med køyring i ruspåverka tilstand.

Antal melde voldssaker i Innlandet politidistrikt held seg stabilt. For kategorien voldtekter er det ein auke i melde saker frå 90 i 2018 til 108 i 2019, dette tilsvarar ein auke på 20 prosent. Av meldingar som er registrert som voldtekt i 2019 ber fleirtalet av sakene preg av at det er ein relasjon mellom fornærma og gjerningsmannen.

Det vart avsagt 1.189 dommar ved domstolane i Innlandet politidistrikt i 2019.

(Pressemelding, Politiet i Innlandet)