Åtte for fort, ingen med promille

Det har vore trafikkontroll i Skjåk fredag.

Det var farts-, trafikk- og promillekontroll i Skjåk fredag.   Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

UP skreiv ut åtte forenkla forelegg for hastigheit. Høgaste hastigheit var 81 km/t i 60-sona ved Ånstad.

Det vart også skrive ut to gebyr for mobilbruk og to gebyr for manglande bruk av bilbelte.

Det vart også gjennomført promillekontroll. Ingen bles «raudt» i denne.