Utan smart ladar kan elbilistane få saftig ekstrarekning

NVEs forslag om å innføre effektprising av straum for private hushaldningar vil få følgjer for alle som eig eller planlegg å skaffe seg elbil eller plug-in hybrid.

NVEs forslag til ny prisstruktur kan bety at elbileigarar må skaffe seg smart heimeladar, samstundes som det kan stimulere til bygging av fleire hurtigladarar.  Foto: NAF

Nyheiter

– Har du elbil eller ladbar hybrid må du passe på å ha ladeboks som lar deg lade når prisane er lågast, og prisane for nettleige må ikkje innrettast slik at det blir for dyrt å lade nyare elbiler heime, seier Camilla Ryste, kommunikasjonssjef i NAF, Norges Automobilforbund.

NVE foreslår at nettleige for straum skal leggjast om frå kor mykje kundane forbruker totalt (kWh) til at forbrukarane i større grad betaler nettleige ut ifrå kor mykje straum dei forbruker på same tid (kW). Prismodellen vil gjera det nødvendig for elbileigarane å installere smart-teknologi for styring av straumforbruket.

Nyare bilar lader på høgare effekt

– Dette vil vera eit kraftig insentiv til elbileigarar om å skaffe seg smart ladeboks, slik at dei kan lade om natta når prisane er lågare. Vi er opptekne av at nettselskapa prisar det som faktisk er utfordringa, nemleg høgt effektuttak når kapasiteten er anstrengt, og ikkje generelt prisar effektuttak høgt. Dette er fordi nyare elbilar lader på høgare effekt, også når ein sprer ladinga utover, seier Ryste.

Forslaget til ny modell for nettleige kjem fordi Noreg framover vil bruke straum til fleire formål enn i dag, og at stadig fleire vil bruke mykje straum på same tid. Dette vil setja kapasiteten i straumnettet under press.

Elbilistane lader heime

NAFs undersøkingar viser at dei aller fleste som eig elbil fyrst og fremst lader dei heime. I framtida kan ein altså bli avhengig av å ha installert ein smart ladar, men det kostar fort mange tusen kroner.

– Det vil bety ei ekstrainvestering for mange som ynsker å bytte til elbil. Det er eit uttalt mål fra Stortinget at nybilsalet skal vera 100 prosent nullutslepp innan 2025, og vi vil utfordre politikarane som nå skal ta stilling til dette forslaget på korleis dei kan hjelpe folk gjennom denne overgangen, seier Ryste.

Krev god informasjon til forbrukar

Omlegginga NVE foreslår vil bety at folk må ha eit mykje meir bevisst forhold til når dei lader og kor mykje straum dei brukar på éin gong. For bileigarar som allereie har installert smart ladar, vil ny prismodell bety mindre. Samstundes vil det krevja at nettselskapa må sikre god informasjon til forbrukarar, forhandlarar og montørar av ladeutstyr om korleis prismodellene vil slå ut.

Kan bety fleire hurtigladarar

Ei endring i effekttariffen vil både slå inn for heimelading og for hurtiglading langs landeveeen. NVE foreslår nemleg å innføre effektprising per døgn, noko som kan gjera det meir attraktivt for ladeselskapa å etablere hurtigladarar i distrikta.

– Vi har lenge peikt på behovet for fleire ladarar langs hovudfartsårene, og det er positivt om dette kan bidra til å auke takten i utbygginga. Det trengst om lag 10.000 ladestasjonar innan 2026 for å møte elbilveksten, seier Ryste.

(Pressemelding, NAF)