Samefolkets dag blir feira i Vågå

Vågå kommune markerer at 6. februar er samenes dag.

Vågå kommune har kjøpt inn sameflagget og Samefolkets dag vart markert med flaggheising ved kommunehuset. Sylvi Gundersen, Rita Danielsen Benrud og barnebarnet Elise Benrud, og Ingrid Granrud følgjer med da ordførar Harald Sve Bjørndal heiste flagget.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

6. februar er offisiell flaggdag, og Vågå kommune har kjøpt sameflagget for å understreke at det i kommunen bur folk med samisk tilknyting, og at dagen skal markerast på høgtideleg vis.