Regionrådet held fast på vedtak om sjukehusstruktur

– Dersom Sykehuset Innlandet nå byggjer ned viktige fagmiljø, vil det ikkje berre redusere tilboda nå, men også skape eit opphald i fagutviklinga i heile Innlandet.

Har sendt brev: Arbeidsutvalet i Regionrådet Nord-Gudbrandsdal har sendt brev til styret i Sykehuset Innlandet kring framtidig sjukehusstruktur. Arbeidsutvalet består av ale ordførarane i regionen. Her er tre av dei: Mariann Skotte (Lesja), Eldri Siem (Sel) og Bjarne Eiolf Holø (Lom) som også er regionrådsleiar.  Foto: Arve Danielsen/Arkiv

Nyheiter

Det skriv Arbeidsutvalet i Regionrådet Nord-Gudbrandsdal i eit brev som er sendt til styret i Sykehuset Innlandet og styret i Helse Sør-Øst. Arbeidsutvalet består av alle seks ordførarane i regionen.

Utvalet ynskjer å minne Sykehuset Innlandet om regionrådet sitt vedtak frå 2017, kring framtidig sjukehusstruktur. Her oppmodar Regionrådet Nord-Gudbrandsdal om at det blir arbeidd vidare med ein modell med nytt hovudsjukehus ved Mjøsbrua, og at ein eigen plan for desentraliserte spesialisthelsetenester lokalisert til dei lokalmedisinske sentra må ha ein sentral plass og vera ein integrert del av planen for framtidig sjukehusstruktur.