– Dette var ei kolossal god nyheit for oss

Ordførar Harald Sve Bjørndal er svært letta etter at han torsdag ettermiddag fekk positiv melding frå NVE om at dei vil sjå på aktuelle løysingar for å beskytte Vågåmo sentrum mot flaum og skred.

Glad og letta: Ordførar Harald Sve Bjørndal er glad og letta etter at han fekk melding frå NVE at dei går inn for å sikre Vågåmo sentrum mot flaum og skred.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Det var ein svært glad og letta ordførar som torsdag kveld sleppte nyheita om at NVE i møte torsdag går inn for å sikre Vågåmo sentrum mot flaum og skred.