Mari og Kari lanserer foreldreside på nett

I mars lanserer Mari Aurmo Weldingh frå Vågå og Kari Pape frå Oslo nettsida «Foreldrekanalen».

Lanserer nettside for foreldre: Mari Aurmo Weldingh og Kari Pape lanserer om fire veker nettsida «Foreldrekanalen».   Foto: Ida Visdal Kolden

Nyheiter

– Dette skal vere ei nettside for foreldre som ynskjer seg ei sakleg tilnærming til små og store spørsmål som ofte dukkar opp når ein har ungar i barnehagealder, seier Mari Aurmo Weldingh.