– Takk for interessa, men nei takk!

Skjåk Senterparti vil ikkje ha besøk av den private barnehageaktøren Læringsverkstedet.

Nei takk: Skjåk Senterparti, her representert ved ordførar Edel Kveen, vil ikkje invitere Læringsverkstedet til Skjåk kommune.   Foto: Arkiv/Vigdis

Nyheiter

Kommunedirektøren har lagt fram ei sak som kommunestyret skal ta stilling til torsdag. Kommunedirektøren ynskjer at Læringsverkstedet, ein nasjonal barnehageaktør med over 230 barnehagar fordelt på over 80 kommunar i Noreg, skal inviterast til Skjåk for å halde ei orientering om kva dei kan tilby.