Dei held liv i «truga» handarbeid

Laurdag var seks husflidsinteresserte kvinner samla i Ullinsvin for å vera med å verne om eit raudlista handverk.

Kjersti Tidemansen, kursleiar Elin Marit Andgard, Elin Hestdal Grev, Karin Tøfte, Åse Flittie Andersen og Vivi Hansen Grothe vil lære seg den raudlista handverkstradisjonen.  Foto: Hans Erik Kjosbkken

Nyheiter

Sprang, eller bregding, er ein teknikk som skal vera eldre enn til dømes strikking, og kursleiar Elin Marit Andgard fortel at teknikken har røter heilt attende til kopterane i Egypt kring år 2000 før Kristus.