Nye Diktardagar er under planlegging

Tema i 2020 er historie og historier.

Diktardagar: Dette glimtet er frå eit arrangement ved Tor Jonsson-stugu, i 2016. I september i år blir det nye Diktardagar.  Foto: Arkiv/Vigdis Kroken

Nyheiter

– Dette femnar vidt og det vil gje seg utslag både på litteraturseminaret og elles i programmet. Det er 100 år sidan Kjell Aukrust vart fødd og like lenge sidan Knut Hamsun fekk Nobelprisen i litteratur for Markens Grøde. Dette vil bli markert på fleire måtar, skriv prosjektleiar Torunn Kjøk i ein søknad om tilskot til kommunane Lom, Skjåk og Vågå.