God gamaldags basarstemning på Moar

I nesten eit heilt år har det vore samla gevinstar og seld lodd fram til den store basardagen. Moar grendalag veit å halde liv i grendahuset.

Det var spent stemning i salen under trekkinga.  Foto: Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Moar er grendahuset for både Lundagrende, Dalain, Nord-Aura og Bismo i Skjåk, og er brukt mykje til private festar og samkome. Dei offentlege festane er det lenger mellom, men utleige, bingokveldar og store basarar, som sundag, held liv i huset.