Sparebank 1 Lom og Skjåk:

Har sperra om lag 100 kontoar

– Det er langt færre enn det vi frykta på førehand, vi har trass alt over 18.000 kundar, seier ein nøgd Ingvard Olstad, banksjef daglegbank.

Krav om identifisering: Kundane i Sparebank 1 Lom og Skjåk, som ikkje synte fram gyldig legitimasjon innan fristen førre veke, har nå fått sperra kontoane sine.   Foto: Vigdis Kroken

Nyheiter

Fristen for å syne fram gyldig legitimasjon gjekk ut den 17. januar. I slutten av førre veke valde Sparebank 1 Lom og Skjåk å sperre i overkant av 100 kontoar.