Pop-countrybandet «Gunslingers» til Sjårdalen

– Det kjem til å bli stinn brakke!

Til Sjårdalen: Pop-countrybandet «Gunslingers» er eit populært festivalband. I mars kjem bandet til Sjårdalen si storstugu, nemleg samfunnshuset.  Foto: Pressefoto

Nyheiter

Laurdag 21. mars kjem pop-countrybandet «Gunslingers» til Sjårdalen samfunnshus i Vågå, der det blir stor fest. Dette kunngjorde arrangøren sjølv, samfunnshuset, på Facebook denne veka.

«Gunslingers» er eit norsk band med rot i bygda Nordheimsund i Hardanger. Bandet starta opp i 2008, og på eit par år vart dei eitt av dei mest ettertrakta banda på landets festivalar. Bandet har gjeve ut fleire album. «Gunslingers» er kjend for stor allsangfaktor, godt sceneshow og mykje humor. Dei fleste tekstane til bandet er på Hardanger-dialekt.

På festen i storstugu i Sjårdalen 21. mars blir det 18-årsgrense.

«Det kjem til å bli stinn brakke, så det er lurt å vere tidleg ute med å sikre deg billett! Billettane er ute NÅ!» skriv samfunnshuset på Facebook.