Fri Flyt har laga film om Øystein Aasheim

Fri Flyt har lag ein tv-serie om frikøyring, og denne veka vart episoden om vagværen Øystein Aasheim lansert.

Fri Flyt har laga film om Øystein Aasheim  Foto: Christian Nerdrum

Nyheiter

Serien dokumenterer livet til dei skikøyrarane Øystein Aasheim, Marte Tveten og Stinius Skjøtskift. Dei er alle tre i noregstoppen i frikøyring.

Episode tre som vart lansert denne, handlar om vagværen Øystein Aasheim som opplevde hjertestans etter ein konkurranse på Lemonsjøen i påska i fjor.

Etter tre veker i koma og nesten 50 døgn på sjukehus viser det seg heldigvis at Øystein trass alt har kome godt frå det.

I episoden fylgjer ein Øystein frå den tragiske episoden og fram til han spenner på seg skia att på Galdhøpiggen Sommarskisenter i november.

Filmen kan du sjå her.