Fiberbrot: Mobilnettet nede i Lom og Skjåk

Telenor har torsdag kveld rekvirert reparatør, etter at mobilnettet gjekk ned i Lom og Skjåk på grunn av brot på ei fiberleidning torsdag ettermiddag.

Ikkje dekning: Mobilnettet er nede i Lom og Skjåk torsdag kveld etter fiberbrot.  Foto: Tom Erik Solstad/Illustrasjon

Nyheiter

Torsdag ettermiddag vart Telenor sine mobilkundar utan dekning på grunn av fiberbrot. I fylgje Telenor er det rapportert om fleire basestasjonar som er nede både i Lom og i Skjåk. Etter det Fjuken kjenner til er også Telia råka av hendinga.

– For Lom er mellom anna basestasjonane på Storhøi, ved Øver-Eggje og Krøkje nede, melder Telenor.

Fleire innbyggjarar har teke kontakt med Telenor via Facebook torsdag ettermiddag og kveld, der Telenor svarar fylgjande:

– Førebelse analyser frå reparatør syner at det er brot på ein fiberleidning kopla til basestasjonane i området som fører til manglande mobildekning. Reparatør har vorte rekvirert for å skøyte fiberen. Førebels estimat for når feilen er retta er innan midnatt. Akkurat kor lang tid det tek avheng av kor omfattande skaden er, og kor lang tid det tek å skøyte fiberen. Vi er på saka og det blir arbeidd så fort som mogleg med å få dekninga oppatt. Vi beklagar eventuelle ulemper dette medfører

Telenor Norge understrekar at dei arbeider så fort dei kan med å få mobildekninga på plass att.

Etter det Fjuken kjenner til er også Telenor ADSL nede i Lom og Skjåk, sidan den går på same fiber som mobildekninga. Fasttelefonen går via kopar og skal ikkje vera råka av fiberbrotet.

Om ein har tilgang til trådlaus internett/wifi og slår på såkalla «Wifi-anrop» eller «Wifi tale» på mobiltelefonen sin, er det mogleg å ringe og ta imot samtalar og tekstmeldingar.