– Folk som treng augeblikkeleg hjelp og ikkje kjem ut på telefon kan oppsøke Lom helseheim eller Skjåkheimen

Helsetenesta er i beredskap torsdag kveld. På Lom helseheim og Skjåkheimen er det moglegheit for vidare kommunikasjon via naudnettet.

I beredskap: Dei som har behov for helsehjelp kan få hjelp til å ringe via satellitt-telefon frå Skjåkheimen eller Lom helseheim.  Foto: Arkiv

Nyheiter

Det er legevakta i Nord-Gudbrandsdal som ber Fjuken om å opplyse at innbyggjarar i Lom og Skjåk som har behov for augeblikkeleg hjelp, kan å oppsøke anten Lom helseheim eller Skjåkheimen torsdag kveld.

– Her er det moglegheit for vidare kommunikasjon via naudnettet, seier legevakta til Fjuken.

Elles har ordførar i Skjåk, Edel Kveen, sendt fylgjande pressemelding torsdag kveld:

Viktig melding frå Lom og Skjåk kommunar:

Telenor sitt mobilnett er nede. Førebels analyse tyder på fiberbrot. Dei som har Telenor-abonnement i Lom og Skjåk er utan mobildekning.

Dei som har internett-tilgang med fiber frå Eidsiva kan bruke internett og bruke wifi, telefon på messenger.

Helsetenestene er i beredskap, og dei med tryggleiksalarm vil bli følgt spesielt.

Dei som har behov for helsehjelp kan få hjelp til å ringe via satellitt-telefon frå Skjåkheimen eller Helseheimen.

Kommunen kjem attende med meir informasjon i løpet av kvelden.