– Bruk naudtelefonen, ikkje mobilen

Brann i tunnel har vore i fokus i lang tid. Men veit du eigentleg kva du skal gjera om det byrjar å brenne i tunnelen du oppheld deg i?

Tunnel: Det er greitt å vite kva ein skal gjera om ein kjem ut for ein tunnelbrann. Statens vegvesen har fleire gode tips.   Foto: Illustrasjonsfoto/Hans Erik Kjosbakken

Nyheiter

Ved brann eller ulykke i tunnel er det viktig å handle raskt, og koma seg ut så fort som mogleg. Statens vegvesen har fleire tips som er verd å ta med seg. Alle tunnelar er utstyrte med tryggleiksutstyr som skal nyttast ved brann eller ulykke. Utstyret er merka med skilt og kopla opp mot Vegtrafikksentralen hjå Statens vegvesen. Dette er vegvesenet sine fem tips om det oppstår brann:

• Kom deg raskt ut - ikkje vent på hjelp.

• Bruk naudtelefonen, ikkje mobilen. Da veit Vegtrafikksentralen automatisk kva tunnel du er i og kvar i tunnelen du ringjer frå.

• Når eit brannslokkingsapparat blir fjerna går brannalarmen hjå Statens vegvesen. Tunnelen blir da stengd, og ventilasjonsanlegget starta.

• Køyr aldri inn i ein stengd tunnel.

• Ver merksam og lytt til radio, der du vil få nyttig informasjon om ei hending skulle oppstå.