Ynskjer ei orientering om det psykiske helsetilbodet

Torunn Elise Kveen og Svein Holen frå Vågå SV ynskjer ei orientering om den psykiske helsetilbodet og ber ordføraren invitere leiinga for psykisk helsevern i Sjukehuset Innlandet til å orientere om stoda.

Fokus på psykisk helsetilbod: Torunn Elise Kveen og Svein Holen frå Vågå SV ynskjer at politikarane i Vågå skal bli orientert om det psykiske helsetilbodet ved Sjukehuset Innlandet og dei kommunale tenestene.  Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

– Vi registrerer at Sjukehuset Innlandet HF har planar om store endringar i det psykiske helsevernet til innbyggarane i norddalen. Endringane reiser mange spørsmål, problemstillingar og moglegheiter, skriv kommunestyrerepresentantane Torunn Elise Kveen og Svein Holen i eit brev til ordførar Harald Sve Bjørndal.