Kraftutbygging i Finna kan løyse flaum- og skredfaren i Vågåmo

–  Eg er  open for at vi må sjå på gamle vernevedtak i tråd med ny kunnskap  om stor risiko for andre hendingar, sa Ketil Kjenseth, leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget under ei synfaring av Finna i Vågåmo måndag.

Interessant: Ordførar Harald Sve Bjørndal tok med seg stortingsrepresentant og leiar av energi- og miljøkomiteen på Stortinget, Ketil Kjenseth (V), til Finna ved Sælatunga. Kjenseth tykte løysinga med kraftutbygging i Finna var interessant å sjå på som eit tiltak for å friskmelde Vågåmo sentrum frå flaum- og skredfaren.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Finna og sonekartet for flaum- og skredfare i Vågåmo, er den største utfordringa Harald Sve Bjørndal fekk på bordet da han i september tok over som ordførar.