Får bruke helikopter til å leite etter sakna sau

Skårvangen beitelag har fått dispensasjon  for å bruke helikopter til å leite etter sau ein tur mellom oktober og desember for 2020, 2021 og 2022.

Leite etter sau: Skårvangen beitelag får bruke helikopter til å leite etter sau. Dispensasjonen gjeld for tre år; 2020, 2021 og 2022.   Foto: Arve Danielsen/arkiv

Nyheiter

Med heimel i verneforskrift for Reinheimen nasjonalpark, har Skårvangen beitelag fått dispensasjon til lågtflyging med helikopter over beiteområdet mellom Skjervedalen – Råkåflye – Finndalen – Slådalen, for å leite etter sau.