Tommy og Vemund fører tradisjonen vidare

Ungdommeleg song- og speleglede stod på programmet da jula vart dansa ut i Dønfoss laurdag kveld.

Toradar: Tommy Andersbakken på tolv år og Vemund Vang på ni år, imponerte med sitt spel på toradar under «Danse jula ut» i Dønfoss laurdag kveld.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Skjåk spel- og dansarlag har gjort det til fast tradisjon å danse jula ut. I år var det 18. gongen at jula vart dansa ut i Dønfoss grendahus.