Ville gje barn og ungdom møte- og talerett i kommunestyret

Vågå SV kom i kommunestyret før jul med forslag om at barnerepresentanten og medlemar i ungdomsrådet og råd for eldre og funksjonshemma skal få møte- og talerett i folkevalde organ i Vågå. Dette fekk dei ikkje gehør for.

Møte- og talerett: Svein Holen i Vågå SV ynskte ei fast ordning der det er sett av ein halv time i starten av kvart kommunestyremøte, der barn, ungdom og eldre skulle få møte- og talerett.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vågå SV ynskjer å styrke demokratiet. Det betyr også å sikre at dei målgruppene som gjennom lov eller forskrift er sikra medverknad i saker og prosessar skal ha reell moglegheit til å fremje sine synspunkt og delta i prosessane fram til vedtak, sa Svein Holen i SV.