Tek fram att gamle planar om utbygging av Finna

Måndag får ordførar Harald Sve Bjørndal besøk leiaren av energi- og miljøkomiteen på Stortinget. Ketil Kjenseth kjem for å bli informert om problematikken rundt Finna og utvikling av Vågåmo sentrum.

Møte om Finna: Måndag skal ordførar Harald Sve Bjørndal syne fram og orientere om flaumfaren i Finna til leiaren av klima- og miljøkomiteen på Stortinget.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

Finna og sonekartet for flaum- og skredfare i Vågåmo, er den største utfordringa Harald Sve Bjørndal fekk på bordet da han i september tok over som ordførar.