Å rive denne kraftlina kan bli kostbart for Eidefoss og straumkundane

Om Eidefoss må rive 66 kV-lina mellom Tolstadåsen og Vågåmo, vil dette koste kraftselskapet mange titals millionar kroner. Straumkundane kan også få ei ekstrarekning ved auka nettleige.

Riving eler ikkje: Eidefoss ynskjer å la 66 kV-lina mellom Tolstadåsen og Vågå få stå. Fleirtalet av kommunestyret i Vågå støttar kraftselskapet. Saka skal endeleg avgjerast av NVE.  Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Vi må tenkje på innbyggjarane våre, kva for økonomiske konsekvensar dette kan gje for straumkundane, både private og næringsliv, sa Steinar Aasgaard (Bygdalista), da Vågå kommunestyre før jul behandla søknad frå AS Eidefoss om endra konsesjonsvilkår for nett-tilknyting av Nedre Otta kraftverk.