Idrettslaga og hjelpekorpsa i Ottadalen er «vinnarane» i Grasrotandelen

Norsk Tipping sin grasrotandel gav over éin million kroner til frivillig arbeid i Ottadalen i 2019.

Mange kroner til idrettslaga: Idrettslaga i Ottadalen har fått 321.931 kroner gjennom Norsk Tipping sin grasrotandel. I alt mottok lokale lag og foreiningar i Skjåk, Lom og Vågå over éin million kroner.  Foto: Tom Erik Solstad/Arkiv

Nyheiter

Grasrotandelen vart lansert i 2009 og er ei ordning som gjer det mogleg for Norsk Tipping sine spelarar å gjeva sju prosent av det dei spelar for, direkte til lokale lag og foreiningar, som er registrert som grasrotmottakar i Frivillighetsregisteret i Brønnøysund.

I 2019 var det registrert til saman 111 grasrotmottakarar i kommunane Skjåk, Lom og Vågå, og ferske tal frå Norsk Tipping syner at mange lag og foreiningar i Ottadalen har tent gode kroner på ordninga i 2019.

Oversikta syner at dei 111 registrerte mottakarane i Grasrotandelen til saman fekk 1.084.712 kroner i 2019. Av dette beløpet hamna 251.793 kroner i Skjåk, 257.386 kroner i Lom, og 575.533 kroner i Vågå. Dette er ny rekord for alle ottadalskommunane. Oversikta syner også at det er idrettslaga og Røde Kors sine hjelpekorps som er dei store «vinnarane» i Ottadalen. Av totalbeløpet på godt og vel ein million kroner gjekk 321.931 av kronene til idrettslag, og 191.207 kroner til hjelpekorps.

Slik ser topp fem-lista ut for dei tre kommunane i Ottadalen:

SKJÅK
(28 registrerte grasrotmottakarar)
1. Skjåk Idrettslag: 50.719 kroner (132 gjevarar)
2. Skjåk Røde Kors Hjelpekorps: 26.363 kroner (77 gjevarar)
3. Skjåk Friviljugsentral: 25.924 kroner (56 gjevarar)
4. Lom og Skjåk Skyttarlag: 22.904 kroner (51 gjevarar)
5. LHL Skjåk: 21.177 kroner (38 gjevarar)

LOM
(29 registrerte grasrotmottakarar)
1. Lom Idrettslag: 96.874 kroner (160 gjevarar)
2. Lom og Bøverdalen Røde Kors: 33.101 kroner (83 gjevarar)
3. Garmo Idrettslag: 32.439 kroner (82 gjevarar)
4. LHL Lom: 13.006 kroner (37 gjevarar)
5. Bøverdalen Idrettslag: 11.269 kroner (39 gjevarar)

VÅGÅ
(54 registrerte grasrotmottakarar)
1. Vågå Røde Kors Hjelpekorps: 131.743 kroner (239 gjevarar)
2. Vågå Idrettslag: 56.378 kroner (140 gjevarar)
3. Lalm Ishockeyklubb 46.656 kroner (84 gjevarar)
4. Tessand Idrettslag: 32.026 kroner (44 gjevarar)
5. Vågå Skytterlag: 29.786 kroner (44 gjevarar)

På landsbasis vart det i 2019 gjeve 698,3 millionar kroner til frivillig arbeid gjennom Grasrotandelen. I fylgje Norsk Tipping er dette ny rekord.