Dreg i gang nytt og spennande prosjekt for mjølke- og storfekjøtprodusentar

I perioden 2020-2022 blir det gjennomført eit mobiliseringsprosjekt for mjølke- og storfekjøtprodusentar i Lom og Skjåk, som skal setja fokus på modernisering av drifta.

Har trua: Jordbrukssjef Erling Dagsgard og næringskonsulent Marianne Stensgård ved Lom og Skjåk landbrukskontor håpar mjølke- og storfekjøtprodusentar ser nytten av mobiliseringsprosjektet «Laus ku & Framtidstru» som nå blir sett i gang.  Foto: Tom Erik Solstad

Nyheiter

Det er Lom og Skjåk landbrukskontor som er initiativtakar til prosjektet, og har med seg representantar frå faglaga i jordbruket, Tine, Norsk Landbruksrådgiving, Kluke Agri og Fylkesmannen i Innlandet i styringsgruppa.