– Nå er det glatt. Treng du strøsand?

Frivilligsentralen hjelper eldre og uføre.

Strøsand: Inger Kari Sæta oppfordrar eldre og uføre om å ta kontakt med Frivilligsentralen om dei tre strøsand.   Foto: Arve Danielsen

Nyheiter

– Treng du strøsand? spør Inger Kari Sæta, dagleg leiar ved Vågå Frivilligsentral.

Dei som køyrer ut mat til eldre og uføre i Vågå har på nyåret også hatt travle dagar med å køyre ut strøsand.

Frivilligsentralen har i mange år hatt ei ordning med strøsandbøtter for eldre og uføre.

Inger Kari Sæta seier at dei som har fått tildelt bøtter, kan ta kontakt om dei treng å få tilkøyrt strøsand. Eller ein kan koma innom med tom bøtte for å få strøsand.

Ho fortel at det i fjor vart køyrt ut strøsand til cirka 60 personar.

– Dette talet varierer med vintrane, seier ho.

Ordninga er gratis og det blir køyrt ut strøsand i heile kommunen.